Rosa Kinn er eit lett og friskt øl med bringebær. Utgangspunktet er ein lys maltbase som vert syrna med ein kultur mjølkesyrebakteriar i meiskekaret over natta. Når ølet er kome på sekundærtank tilsett vi friske bringebær frå Fresvik i Sogn. Resultatet er eit fruktig syrleg øl med akkurat høveleg smak av bringebær. Rosa Kinn passar svært godt som apperitif eller til fruktdessertar.