Bygland Framgarden For the Love of Kveik

ABV 9,00
Antall i kasse 24
Produsent Bygland Bryggeri
Region Agder
Volum 0,44 l
Andre egenskaper Norske råvarer
Passer til Aperitif, Lam, Småvilt, Storvilt
Allergener Bygg

Smak Maltsødme, lett syrlighet, einer, estere av sitrus og tropisk frukt fra kveiken.
Utseende Gyllen, uklar.
Aroma Kompleks og tropisk fruktig aroma fra kveik, malt og einer.

Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for kveik. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar denne etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.

Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. I dette ølet er det Framgarden-kveiken frå Stordal i Sunnmøre. Me brukar norsk malt og fjelleiner, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av sitrus og tropisk frukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 8-10°C. 

Tilleggsinformasjon

Vekt 460,00 g