SOMMARFRISK er ein frisk og syrleg gose, tilsett litt havsalt frå Fitjar.
Ølstilen Gose, stammar frå Goslar i Tyskland, og er eit øl som er kjelesyrna med ein rein bakteriekultur, som har gitt ølet ein fin smak av sitron og eple. Under gjæring tilsette vi masse herleg puré av mango og guava, som bidrar med å gjere ølet ekstra friskt og saftig. Eit skikkeleg sommarøl, som vil gi tropekjensle sjølv i Noreg.