Raftevold (For the Love of Kveik)

Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for KVEIK. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar denne etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.

Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. Denne runden er det Terje Raftevold-kveiken frå Hornindal. I dette ølet brukar me einerlog, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av ananas og steinfrukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 10°C.

Antall i kasse 24
Produsent Bygland Bryggeri
Fylke
Volum 0,44 l
Andre egenskaper Norske råvarer
Passer til Lam,Lyst kjøtt,Småvilt,Storvilt,Svin
Allergener Bygg

Smak Maltsødme, lett syrlighet, einer, estere av ananas og annen steinfrukt fra kveiken.
Utseende Gyllen, uklar.
Aroma Kompleks og fruktig aroma fra kveik, malt og einer.

Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for KVEIK. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar denne etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.

Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. Denne runden er det Terje Raftevold-kveiken frå Hornindal. Me brukar fjelleiner og norsk malt fra Bonsak, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av steinfrukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 8-10°C. 

Tilleggsinformasjon

Vekt 4600 g
Produsent

Andre egenskaper

Norske råvarer

Undertype

Leverandør

Produkttype

Saison og Farmhouse Ale