Raftevold (For the Love of Kveik)

Antall i kasse 1
Produsent Bygland Bryggeri
Fylke
Volum 20 l
Andre egenskaper Norske råvarer
Allergener Bygg

Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for KVEIK. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar denne etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.

Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. Denne runden er det Terje Raftevold-kveiken frå Hornindal. I dette ølet brukar me einerlog, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av ananas og steinfrukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 10°C.

Tilleggsinformasjon

Pantesats

0 kr

Emballasjetype

KeyKegs

Volum

20

Antall i kasse

1

Andre egenskaper

Norske råvarer

Allergener

Bygg

Produsent

Undertype

Leverandør

Produkttype

Saison og Farmhouse Ale

Region

Agder