Murar er eit lyst og leskande lagerøl med ein lang, behageleg ettersmak av edel humle. Vi gjærar ølet ved ekstra låg temperatur slik alle lagerøl vart gjæra før i tida. Murar er sjølvsagt ufiltrert og ettergjæra på flaska, for å bevare mest mogeleg av dei fine smaksnyansane frå dei gode råvarene og den lange, kalde gjæringsprosessen. Det tek lang tid å lage eit godt lagerøl, og vi gjer ingen kompromiss med Murar: Primærgjæring ved 10 °C og inntil 2 mnd kaldlagring rundt frysepunktet på tank før ølet blir tappa på flasker. Skjenk slik at det skummar godt i glaset; då får du fram meir av dei gode smakane. Passar veldig godt til fisk og skaldyr.
Tilleggsinformasjon
Pantesats | 0 kr |
---|---|
Emballasjetype | Glass |
Volum | 0,75 |
Antall i kasse | 12 |
Passer til | Fisk,Skalldyr |
Allergener | Bygg |
Produsent | |
Leverandør | |
Produkttype | Lys Lager |
Region | Vestland |