«Jolegama» er eit sterkt og mørkt joleøl i belgisk stil, der mykje av fargen kjem frå bruken av mørk kandissirup. Humlinga er diskret og ølet får mykje av smaken frå gjæringa. Me bryggjar i god tid før jol for ein avrunda smak med innslag av karamell, sjokolade, tørka frukt og vinøse tonar. Ølet serverast på 10-12°C i eit passande glas for seg sjølv, eller til joledesserten. God Jol!