Ebbegarden (For the Love of Kveik)

Antall i kasse 24
Produsent Bygland Bryggeri
Fylke
Volum 0,44 l
Andre egenskaper Norske råvarer
Passer til Lam,Småvilt,Storvilt
Allergener Bygg

I det fjerde ølet i serien dedikert til norsk ølgjær frå ulike gardar i landet, har vi gleda av for fyrste gong å bruke den urnorske byggsorten «Domen». Bygget er økologisk dyrka og malta på Nordre Lie gard utanfor Kongsberg, og såleis er vi eit steg nærare å attskape smaken av det tradisjonelle norske ølet. Difor har vi på framsida av etiketten lagt ein byggkrans rundt kveikringen.

Kveik-gjær har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. Denne runden er det Ebbegarden frå Sunnmøre. I dette ølet brukar me einerlog, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av guava og steinfrukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 10°C. 

Tilleggsinformasjon

Pantesats

2 kr

Emballasjetype

Metall

Volum

0,44

Antall i kasse

24

Andre egenskaper

Norske råvarer

Passer til

Lam,Småvilt,Storvilt

Allergener

Bygg

Produsent

Leverandør

Produkttype

Saison og Farmhouse Ale

Region

Agder