«Møykjeddingi» (som er setesdalsk for peppermø) er eit hybrid-øl mellom norsk tradisjonelt råøl og moderne fruktige IPAer. I råøl vart ikkje vørteret kokt. Dette gjev ein fyldig kropp og tåkete utsjånad som passar denne ølstilen som hand i hanske. Ølet er tørrhumla med høvelege mengder Ekuanot, Citra og Mosaic. Til gjæring har me bruka ei blanding av ulike kveik-stammar som kompletterer humlesortane med eigen aroma og smak av tropisk frukt. Ølet serverast på 6-8°C. Prøv gjerne til rettar av kjukling, svin eller berre ost.
Møykjeddingi – Raw India Pale Ale